Velkommen til GDbillett, din lokale billettportal!

Forsiden Arrangementer Min side Handlekurv Login Bli medlem Gavekort Kontakt oss ×
Forsiden

Merk!

Billettsalget til dette arrangementet sluttet: 7. oktober 2020

Gratis direktestrøyming av Bienes historie

I samarbeid med Bjørnsonakademiet inviterer vi til direktestrøyming av Det Norske Teatret og Nasjonalballetten si framsyning av Bienes historie her på Litteraturhus Lillehammer onsdag 7. oktober! Gratis inngang!

STRØYMINGA STARTAR KL. 19.00
med samtale med Maja Lunde - vinnar av Bjørnsonprisen 2020.
Sjølve framsyninga startar kl. 20.00, og varar i 2 t 30 min.

Leseriet kafé held opent første del av kvelden.
Gratis inngang, men billetter må hentast ut via GD Billett.

BIENES HISTORIE
etter Maja Lundes roman.

Dramatisert av Ingrid Weme Nilsen, songtekstar av Ola E. Bø og med musikk av Nils Bech.
I samarbeid med Nasjonalballetten

At liten tue veltar stort lass er tema i Maja Lundes internasjonale bestseljar-roman. Dette fekk produksjonen smerteleg erfare gjennom førebuingane til haustens store musikalsatsing. Vi menneske påverkar den sårbare naturen, men er like sårbare overfor følgane av korleis vi behandlar den.

Som konsekvens av omstenda strøymer Det Norske Teatret premieren og fire andre framsyningar i haust. - Det blir ein femkameraproduksjon der publikum vil kunne oppleve noko av kjensla frå teatersalen - heime i si eiga stove, seier teatersjef og regissør Erik Ulfsby. Det er første gongen ei teaterframsyning som ikkje er produsert for kamera blir direkteoverført på denne måten i Noreg, og det gir moglegheiter for å sjå framsyninga sjølv om du bur langt unna hovudstaden. Publikum vil også få med seg ein samtale med forfattaren Maja Lunde før framsyninga tek til.

Les meir: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/bienes-historie

Arrangementet er støtta av Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet.

Info:

Tid:

7. oktober 2020

Sted:

Litteraturhus Lillehammer

Forestillinger:

Annonser:

Kart:

Tilbakemeldinger: