Velkommen til GDbillett, din lokale billettportal!

Forsiden Arrangementer Min side Handlekurv Login Bli medlem Gavekort Kontakt oss ×
Forsiden

Kunsten å irritera seg over skrivefeil

Kunsten å irritera seg over skrivefeil

Irriterer du deg over skrivefeil? No er det hjelp å få!
Kristin Fridtun har skrive boka 'Kunsten å irritera seg over skrivefeil' der ho set motviljen mot skrivefeil under lupa.
Kvifor vert nokre svært irriterte når dei støyter på skrivefeil, medan andre er lite plaga? Har det med språkkunnskapar å gjera? Personlegdom?

Vel møtt til ei samtale om språk, psykologi og skrivefeil med Kristin Fridtun og Hilde Østby – tysdag 11. mai kl. 19.00.

Kristin Fridtun frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar på heiltid. Ho har skrive fleire bøker om språk, som ‘Norsk etymologisk oppkok’ (2012), ‘Nynorsk for dumskallar’ (2013) og ‘Språket er ei bukse’ (2019). Fridtun vann Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkprisen i 2019.

Hilde Østby er journalist, kulturhistorikar og forfattar. Hennar siste utgjeving er 'Mageboka' (2021). Ho har òg skrive bøkene 'Å dykke etter sjøhester' (2016, saman med søstera Ylva), 'Kreativitet: hjernevitenskapen bak ideene og hvorfor dagdrømmerne skal redde verden' (2020) og romanen 'Leksikon om lengsel' (2013). Bøkene hennar er omsett til 20 språk.

Smittevern:
Kom frisk, rene hender, hald avstand.
Namneregistrering er påkrevd av smittevernomsyn. Billetter via GD Billett.
Ved ledige plassar er det mogleg å registrere navn/kontaktinfo ved inngang.
Med atterhald om endringar på kort varsel.

Velkommen!

Info:

Tid:

11. mai 2021

Sted:

Litteraturhus Lillehammer

Forestillinger:

Annonser:

Kart:

Tilbakemeldinger: